* Del smalahove og tunga i to.
* Legg dei så i vatn i 3 timar.
* Deretter børstar du dei lett.
* Legg dei så i ein panne med ( nytt ) vatn, pass på at
vatnet er over alle smalahovene under koking.
* Koketida er 3 timar.
* Kjøtet skal løysa godt frå beinet når smalahovene er ferdig kokte.
* Middagen må alltid serverast varmt.
* Skinnet på hove skal etast.
* Når du har ete kjaken, tar du vekk kjevebeinet. Då finn du mykje
godt kjøtt og der er og tunga.
* ALT, utanom det svarte i auga (pupillen) og brusken i øyra, kan
etast på eitt smalahove.
Tilbehør:
Pota og nepestappe (poteter og kolrabistappe)
God Appetitt!
Copyright Ivar Løne AS ©