SMALAHOVETUNET

 

VELKOMMEN TIL LØNO


Smalahovetunet Voss er ein familiebedrift som produserar smalahove og pinnakjøt for sal heile året.

Her kan de få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til, etter avtale.

Måltida vert servert i eit av lokala våre. De vert tekne med til smalahovefabrikken der de får sjå korleis den daglege produksjonen pågår.


Allereie som 2 åring var Ivar med bestefaren, som også heiter Ivar, og svei smalahove dagen etter slakting heime på garden.

Då brukte dei ei smie med belg når dei svei, der var det høg varme.

Ein stod å ‘’bles belgen’’ og ein svei, bestefar Ivar måtte halde eit overblikk slik at smalahove vart snudd, og att all ulla vart svidd vekk.

Då smalahove var ferdig svidde vart dei vaska, kløyvde og lagt i vatn samme dag.

Dagen etter vart dei lagd i salt og vart liggande i salt i 4-5 dagar.

Deretter vart dei røykte i eldhuset.

Smalahove vart så hengde på kjøttbua ilag med all annar mat.

Smalahove var middagsmat jamt og trutt gjennom heile hausten,men ‘’skoltasundag’’ (siste søndag før jul) skulle siste smalahove etast opp. Då var nemleg jol i vente og då var ikkje smalahove ‘’god nok’’ mat.

For når Ivar var liten var ikkje smalahove festmat, men heilt vanleg kvardagsmat.

Smalahove som vart svidde då Ivar var liten var berre til privat bruk.

Fyrst tidleg på 60- tallet byrja Ivar å selja smalahove. Fyrste åra svei dei smalahove på ‘’gamle’’ måten, over eld frå ved.

Då produserte Ivar berre nokon få 100 pr år, dette gjekk for seint og dei gjekk seinare over til propan.

I 1997 vart Ivar L. Løne tildelt Den Nasjonale Bygdeutviklingsprisen for nyskaping. Denne vart han tildelt for sitt engarsjement for foredling av smalahove og serveringsverksemd der kulturoppleving, smalahove og vossaøl er berande element.

Tlf 56516965 eller email:
smalhov@online.no

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Kristin Aaserud | Svar 28.04.2014 16.24

Jeg har en venn som veldig gjerne vil ha tak i urøkt smalahove. Kan det skaffes?

Smalahovetunet 29.04.2014 10.04

det kan kjøpast hjå oss ja :)
om dette skal sendast i post, send ei bestilling med adresse og telefonnr og når du ynskjer dette tilsendt til : smalhov@online.no

Arne | Svar 27.03.2014 15.55

Har du butikk på gården eller andre steder? Når er den i såfall åpen?

Smalahovetunet 28.03.2014 08.17

Me har open gardsbutikk her i tunet ja :)
det er berre å komma nedom, her er det altid folk :)

Anne | Svar 18.03.2014 09.54

Hei!
Hvor lang holdbarhet er det på smalahove hvis jeg bestiller og får tilsendt i april?

Trond Vestrheim | Svar 02.02.2014 13.44

Hei! Fekk sending med smalahove 4-5. jan- men har ikkje fått noko rekning enno - ein glipp?

Sigfrid Bjørke Juliussen | Svar 25.12.2013 12.26

I år har me ete pinnekjøtt og korv frå Løno til julemiddagen ,og alt var veldig godt!

Ingar formo ottheimsaleen2 2670 otta | Svar 19.12.2013 22.12

Ønsker og kjøpe 2 syk. Smala hoved.

Ingar Formo 20.12.2013 16.18

ja det er helt greit at de blir sendt senere.

brit løne 20.12.2013 11.57

Hallaisen Ingar
kortid ynskjer du att me skal senda smalahovene. er litt redd att da er for seint å senda varene til deg før jol. I jan 2014 kan me senda te de

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.07 | 15:56

Hei. har du mulighet til å senda bestilinga di på email til smalhov@online.no ?

...
24.07 | 11:58

Ønsker å bestille plass til ca 10- 15 personer 14.november, på smalahovetunet. Ønsker også å bestille 60 hover som eg henter søndag 15. November.

...
13.06 | 08:05

ja dei er delt,heng saman i tunga men den deler du lett med ein kniv.

...
12.06 | 14:26

hei! er smala hove dellt i 2 når de blir sendt?

...
Du liker denne siden