SMALAHOVETUNET

 

Eg har

SVIGERMOR PÅ VOSS

 

Eg har vært på ferie i Spania

Og eg har vært på interail i Moss

Eg har køyrt på slalom-ski i Alpene,

Men ingenting kan måla seg med Voss.

Det e' jo bittert at eg ikkje bur der sjølv

For Voss har nemlig verdens beste øl

Så ka e' London- Rio og ka e' Paris,

Mot Vossevangen- Nordens Paradis.

 

                        Refreng:            Ta toget til Vossevangen


Ta toget opp å skri

Med Dinglo og med Danglo

Vi svever i det fri

Ta toget til Vossevangen

Auf Wiedersehen Adios

:/: Tenk å få ein svigermor

En svigermor på Voss:/:

 

Eg har vært på eventyr i Amsterdam

Og blitt sjekket opp i Hønefoss

Jentene har elsket meg i Haugesund,

Men de' va' ingenting mot jentene på Voss.

Nei ingen andre jenter intresserer meg

De jåler seg å bruker spray å lakk

Men jentene på Geilo går i bobledress,

Går jentene på Voss i anorakk.

 

                          Ref.            Ta toget til Vossevangen o.s.v.

 

Så e' da nokke rart at eg e' heilt betatt

Eg går jo rundt å drømmer dag og natt

Om steder som eg elsker overalt på jord,

Så hadde eg bare hatt en svigermor.

Eg drømmer om budeiene på Vikafjell

Om måneskinn og Hardingfele-spell.

Eg drømmer om musikken i kvar felestreng

Og om gutane som går frå seng til seng.

 

                           Ref:            Ta toget til Vossevangen o.s.v

 

Og eg har vært på interail i Moss

Eg har køyrt på slalom-ski i Alpene,

M

en

GAMLESØYA TALAR TIL BORNA SINE

 

Mel: Mysefisa... (Når netten blir lange)

 

Når nettene blir lange og kulda setter inn

Då seie gamle sauemor til ungeflokken sin

Om ingen misser hove til smalahovefest

skal alle saman snart få feira jol som best

./.. Heisann og hoppsann og fallerallera

og feira jol med hove på ja, det er veldig bra./..

 

Men pass deg vesle dalasau når hausten stundar til

Gå ikkje bortom Løne gard om du så gjerne vil

Du får ein drink hjå Ivar'n med sovemiddel i

og vaknar opp i frysen utan sjela di.

./.. Heisann og hoppsann og fallerallera

I stabburet på Løno der er dei med hove glad ./..

 

Ein tur på slakteriet- nei det er fa'li det

For innom døra står ein kar med øks som susar ned

Og før du rettleg sansar- kva her du skal få sjå

I vacumpakka plast du ligg med datostempel på

./.. Heisann og hoppsan og fallerallera

I vacumpaka plast du ligg med datostempel på./..

 

Sjå opp for Ivar Løne- når han i utmark går

Då er det like før at smalens sjebnetime slår

Gå varlig litt til side- og bræk en høfleg sang

Som seier: Nei takk, Ivar- ikkje denne gang

./.. Heisann og hoppsann og fallerallera

Eit høfleg avslag borna mine- må han kunne ta./..

 

Men skulle du ha uflaks og her på bordet stå

Så pynta deg med sløyfe du har fått på sauesjå

Den største gleda dalasau i livet vel kan ha

Det er å gjera gjestene på Løno glad

./.. Heisann og hopsann og fallerallera

I stabburet på Løno der er alt så bra så bra./..

 


 

VELKOMMEN TIL SMALAHOVEFEST

 

Tone: Bamsefar

 

Velkomne ver til fest hjå oss

Med mat so verk’leg smaka,

for smalahove det er kost

som tek den store kaka.

Kva er biff og kotelett

Mot eit hove – rett og slett?

Same smak den heile veg,

mens hove det gjev deg:

 

Ei oppleving so kjempestor

Du kan aldri gløyma,

For det finst fleire smakar her

Enn det du kunne drøyma:

Auga, saftig, mildt på smak.

Øyra, knasigt, feitt der bak.

Kjake, tunga – alt er godt –

Du har det kjempeflott!

 

Ja, me er stolte av å få

Servera denne retten,

Som Voss sin nasjonalkost

hove ligg her på asjetten.

Svidd og salta, røykt det er,

slik me alltid fram det ber.

Velbekomne kvar og ein,

Gnag hove ned til bein.

 

                        Jon Aske




EN GANSKE LYSTIG VISE

OM ET S

EN GANSKE LYSTIG VISE

OM ET SMALAHOVES TILBLIVELSE

 

Melodi: "En ekte Lofot. torsk jeg er"

 

En ekte dalasau jeg var

sprang høyt til fjells med mor og far.

Faderullan dei, faderullan dei,

Faderullan rullan dei.

 

Men det ble høst og slaktetid,

mitt unge liv var raskt forbi,

Faderullan dei, ........

 

Mitt hode tok de på en stang

og svidde det med ild og tang.

Faderullan dei, ..........

 

Så ble mitt hode delt i to,

at hjerne for, jeg knapt forstod,

Faderullan dei, ..........

 

Jeg siden ble bestrødd med salt,

hengt opp i røyk - og det var alt.

Faderullan dei, ........

 

Men når noen skulle spise meg,

så er jeg glad at det blei deg.

Faderullan dei, faderullan dei,

faderullan rullan dei.





 

EG ER UNGKAR EG

 

EG ER UNGKAR EG

EG ER SPELMANN EG

OG EG KØYRER I EIN ÅTTAÅSYTTI RAUD CHEVROLET

EG HAR DRAGET PÅ DESSA SØTE SMÅ

SOM VIL UT Å HA SEG JOMFRUTUR

LANGT HEIMA IFRÅ

I MOTOREN SAMLA EG PÅ HESTEKRAFT

OG INNI HAR EG HANSKEROM MED

BAR OG HOSTESAFT

EG SKJENKAR EIN SEKSTI OG BARKAR I VEG

SÅ DET LUKTAR SVIDD OG GRUSEN

FYK SOM HAGGEL BAK MEG.

 

EG ER UNGKAR EG

EG ER SPELMANN EG

EG KAN SPELA ROLLING STONES

PÅ KASSETTEN FOR DEG

MOT EIN BAKKETOPP SKRUR EG LYDEN OPP

FOR DET KVIN SÅ STYGGE JENTEHYL

NÅR ME GJER EIT HOPP

OG LENGST OPPI DALEN BAK EIT LERKETRE

DER BAKKA EG SKUTA INN

MED LIGGESETE NED

SÅ SPELAR EG ELVIS, JA NETT DEN DU VEIT

FOR DÅ SPELTA ALLE KJERRINGFRØ

OG ALT GJENG SÅ GREIT

 

EG VAR UNGKAR EG

EG VAR SPELMANN EG

OG EG KØYRDE I EIN ÅTTAÅSYTTI RAUD CHEVROLET

MEN NO ER EG FAR

I EI SPORTSVOGN HAR

EG EIN PASSASJER MED TÅTESMUKK

OG MJØLKEBAR

EG PUNKTERTE SØNDELEG MI UNGKARSTID

MED TOPPTRIMMA MOTOR

OG EIT BLANKT KAROSSERI

KVA HJELP DET MED PIGGAR

OG RADIALE DEKK

NÅR EIN SPINN SÅ KVAST I INNERSVING

AT UTSTYRET SPRIKK.




GIFTA DEG JENTA

 

NEI, GIFTA DEG, JENTA, DA RAOR EG DEG I FRAO,

BUSSAN LULLAN, LULLAN, LULLAN LULLAN LEI.

KJEME DA EIT MANNABEIN, DU BITE IKKJE PAO,

BUSSAN LULLAN, LULLAN LEI.

 

SOMME E LURE Å SLUE Å RAO,

BUSSAN LULLAN,....ETC..

ANDRE UBJAODLE VANSKJELE Å FØRSTAO,

BUSSAN LULLAN,....ETC..

 

SOMME VE BERRE DEG ONDE FEDLEN DEG FAO,

BUSSAN LULLAN,....ETC..

ANDRE E NETT SO EIN JOKLE TAKA PAO,

BUSSAN LULLAN,..... ETC..

 

 

SOMME E NETT SOM EIN HESJASTAUR Å SJO,

BUSSAN LULLAN,.....ETC..

ANDRE E RONDE, KAN OFTA TRIDLA TAO,

BUSSAN LULLAN,.....ETC..

 

SOMME HA VANSKJELE FØ FAO DA TE Å GAO,

BUSSAN LULLAN,....ETC..

ANDRE KAN DU BERRE KJITLA LITE VETTA PAO,

BUSSAN LULLAN,....ETC..

 

SO GIFTA DEG JENTA, DA RAOR EG DEG I FRAO,

BUSSAN LULLAN,.....ETC..

DA VETT IKKJE ANNA ENN NNAUE Å FAO,

BUSSAN LULLAN LULLAN LEI....SANN.



TIL AKEVITTEN

 

Tone: Taube. Sjøsalavals

 

Akevitten tek vi så leikande lett,

glasa står på matbordet, står der å ventar.

Akevitt kan drikkast på mange slags sett,

la oss løfta glaset og ta oss ein skvett.

 

Kjenn kor tunge tankar straks kverv ifrå ditt sinn,

omlag som morgondogga forsvinn frå sol og vind.

Ja, tek du siste slanten som ventar her i drammeglaset

får du sjå mandelblom, kattfot og blå viol.

 

Einar Amundsen




ØLVISA

 

Mel. Tordenskjold

 

Voss sitt smalaøl er godt,

Vidt berømt i hus å slott,

Dryken den er nydeli,

Frå det gode bryggeri.

 

Ølet vårt har frisk kulør,

Tilsett fest og godt humør,

Prøv det sjølv, ja ta ein skål

Skal du sjå du når ditt mål.

 

Humle, malt og kornets saft,

Gjev vårt øl sin smak og kraft.

På kvart bord har det ein plass,

Øl er brød servert i glass.

 

Ja, vårt øl er strupens fryd

I landet vårt frå nord til syd.

Me reiser oss og tar ein skål

Skal du sjå du når ditt mål.

 

Skååååål.





DA Æ  LOV Å PRØVA SEG

 

Mel: DDE, Det går likar no...

 

Ein vossing va i slutta lag i stabburet pao Løno.

Fekk seg øl å dram- so prøvd'an seg pao høno.

Sovna inte grisen- laog å va so øren.

Om morgonen forstod han da- tenk: ka i søren!

 

     Han sat dar å tenkte,

     ei søya kom forbi.

     Ho gjekk der å blenkte,

     å ho va so bli.

 

Ref: Å-å-å eg ve ha deg no

        Lambalår å smalafeitt- eg trur eg vert forvirra

        Å-å-å eg ve ha deg no

        Dar stod ho klar å strekte seg- å vossingen han dirra.

 

Han fekk ho mæ bak hjørna- tok reiskapen sin fram

Det blenkte litt i augo- da her æ jaggu skam.

Han gjorde da han måtte- han kappa hove av.

Han fryda seg tao alt da fina kjøte sauen gav.

 

        Mens han stod å jobba

        sa han ikkje eit ord.

        Han va glad at han kobba

        i han Ivar sin flor.

 

Ref: Å-å-å eg ve ha deg no

        Rodlepylsa, spekjekjøt å pinnasteik te jol.

        Å-å-å eg vil ha deg no

        Da besta æ no likavel eit hove kløyvd i to.

 

                                            Morten Lødøen




KAKELINNA

 

Eg var liten loddseljar kom inn på søre

jorde skjønar kje no at eg torde,

komen innom dørglytten drog dei meg innåt

bordet gamla kom med traktemang.

 

Refr. Lefse, lompe, stompe dompe, snippe, snuppe honning

kake duppa i sukker og lake.

Skrulla mi er feit og god ei krommelkake må du,

smake et meire biteti.

 

Gamla stod og truga meg te trøyge ut maga

målet under kva vomba kan tåle,

straks eg åt eit romebrød la ho fram eit nytt

på skåla nyttar ikkje takke nei.

 

Refr. Lefse, lompe, stompe dompe......

 

Magen tok te vrenge seg og verke eg gret

meg sinna ingenting beit på vertinna,

heten steig i buksa blei det reinaste

kakelinna i den søte juletid.

 

Refr. Lefse, lompe, stompe dompe.....

 

Gamla sør i jorde kjøpte ikkje noko lodd

for gjesten rømte på ullsokkeleisten,

rømte heim med firogtjue uselde lodd

bak vesten i kransekake lotteri.



TAKK FOR MATEN

 

Tone: Å mannen ville frå nissen flytta

 

Vi takkar sauen, me takkar bonde

som fôra sauen og gav oss stonde,

og korn og kålrot og pota stor

/: me nyte grøda ved dette bord :/

 

 

 

 



 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

smalahovetunet | Svar 29.10.2013 13.42

hei.
kan du Hilde sende meg ei adresse der diplomane skal sendast til?? på email smalhov@online.no

Hilde | Svar 29.10.2013 12.37

Hei
Har også sendt mail ganske nylig. men ser nå denne siden også. Trenger 9 stk diplom innen fredag 1.11. Lar det seg gjøre ?

ellen furu | Svar 17.10.2013 14.24

Hei- Jeg trenger 8 smalahovediplomer... Kan de sendes imorgen, slik at de er klare til lørdag 18/10??

Adressen er Åsliveien 4a, 1368 Stabekk

brit løne 18.10.2013 10.35

Hallaisen Ellen. då har eg sendt diplomar til deg i posten. Håpar da kjeme fram te deg i morgo. Me på Løno ynskjer deg og dine ein trivleg middag i vente:):)

Britt fra Elverum | Svar 30.01.2013 20.14

MOrsomt! kan de legges ved bestilling?

Turid Lidsheim Pettersen | Svar 10.10.2012 21.08

Snåle songer, og eg skulle ynskja at der var skrevet på kva melodi dei har på nokre av dei.

Brit 31.10.2012 19.00

Hai Turid. Da skal me få til.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I dag | 11:58

Ønsker å bestille plass til ca 10- 15 personer 14.november, på smalahovetunet. Ønsker også å bestille 60 hover som eg henter søndag 15. November.

...
13.06 | 08:05

ja dei er delt,heng saman i tunga men den deler du lett med ein kniv.

...
12.06 | 14:26

hei! er smala hove dellt i 2 når de blir sendt?

...
29.04 | 10:04

det kan kjøpast hjå oss ja :)
om dette skal sendast i post, send ei bestilling med adresse og telefonnr og når du ynskjer dette tilsendt til : smalhov@online.no

...
Du liker denne siden