 |
 |
|
 |
 |
SERVERINGSLOKALA VÅRE
Me har 4 plassar me serverer mat:
Stabburet ( 2 etasjar) Grindabygget ( Med tilhøve for bar) Laoen. ( Med tilhøve for bar)
Når gjestene kjem vert dei ynskt velkomne til gards av smalahovekongen Ivar L Løne, med ei ølkjengja med noko godt oppi.
Etter alle har sett seg til bords vert det servert smalahovemiddag m/tilbehør.
Då alle er vel forsynt med middagen får alle omvisning i produksjonslokala.
Der viser me korleis smalahove vart svidd i gamle dagar, og slik me gjere det no.
Etter omvisning er det kaffi og kake.
Ivar, Geir fortel undervegs litt om dei gamle tinga som er utstilt i dei forskjellige lokala.
Me har skjenkeløyve med alle rettigheitar i alle lokala våre.
Ring eller send email for bestilling eller uforplikta forespørsel.
Tlf. 56516965 smalhov@online.no
Me på LØNO ser fram til å møta deg.
VELKOMMEN .
|
|
 |